Til forsiden

22. mai 2020

Informasjonskrigaren

Ein krig er alltid ein kamp om sanninga. Kjersti Løken Stavrum kjempar for. Intervjuet er av Louise Thommessen for Forsvarets […]

Ein krig er alltid ein kamp om sanninga. Kjersti Løken Stavrum kjempar for.

Intervjuet er av Louise Thommessen for Forsvarets forum og gjengitt i sin helhet. Alle foto er tatt av Krister Sørbø. Du kan lese intervjuet her.

Engasjert og innsatsvillig. Kjersti Løken Stavrum får tre ord til å skildre seg sjølv. Ho vel berre to. I fleire tiår har ho med engasjement og innsatsvilje vore i bresjen i kampen for fri informasjon og ytringsfridom.

Når ho nå skal leie den nye Ytringsfridomskommisjonen, er ei av hovudoppgåvene hennar å sjå på om ytringsfridomen er reell og ikkje berre formell. Ei anna viktig oppgåve blir å sjå på tiltak mot falske nyhende.

Akkurat som propagandaen var eit viktig innslag under andre verdskrigen, så har falske nyhende, eller det eg vil seie er propaganda av ulik art, arenaen sin i sosiale medium nå.

Falske nyhende

Men det innarbeidde omgrepet «falske nyhende» smakar ikkje godt, tykkjer ho. Stavrum hadde lika betre at vi snakka om desinformasjon og tøv. Der desinformasjon handlar om vilja feil, blir falske nyhende ei stor sekkenemning.

– I ein politisk tilspissa situasjon vert sekken urimeleg og farleg stor. Kampen mot falske nyhende eller uønskt innhald blir eit tviegga sverd når til dømes Facebook er programmert til å ta ned innlegg som i utgangspunktet er saklege. Det blir ei vilkårleg redigering og ei ny form for sensur, seier ho og held fram:

Det kan verke så beinveges riktig og handlekraftig å slå ned på det vi kallar falske nyhende, men i land som Ungarn, med knapt fri presse igjen, så er det eigentleg berre varsellamper.

I Ungarn blei det nyleg vedtatt ytterlegare innstrammingar i informasjonsfridomen. Nå kan ein verte fengsla i fem år for å spreie såkalla falske nyhende. Ei særs alvorleg utvikling, meiner ho og minner om at Trump har gjort nemninga til si eiga i ein kamp mot det han meiner er venstrevridd presse.

– Påstand om falske nyhende er politikk. Derfor er ikkje svaret primært å straffe, men at ein brukar ytringsfridomen til å slå tilbake mot forsøk på desinformasjon eller framstillingar ein meiner er forteikna.

[@portabletext/react] Unknown block type "imageblock", specify a component for it in the `components.types` prop

Foto: Krister Sørbø.

Ytringsfridom i koronaens tid

Spør henne om noko som har med ytringsfridom å gjere, og ho har eit gjennomreflektert og grundig svar på det. At ho enda opp der ho er i dag, takkar ho dei som kom føre henne for: Per Edgar Kokkvold, Nils Øy, William Nygaard. Ho vil også leggje til Flemming Rose og fullfører med det ei liste som mest hadde fått kvar einaste ytringsfridomsforkjempar til å bøye seg i støvet.

Hennar mangeårige arbeid på dette feltet, blant anna gjennom Norsk PEN, har ofte vore internasjonalt. Andre gonger, som til dømes da ho var generalsekretær i Norsk Presseforbund, meir lokalt. For også her heime er det diskusjonar å ta. Ho meiner at den dominerande koronakrisa set verdien av ytringsfridom på spissen. For i dag treng vi at fagfolk torar kome på banen.

– I tider som dette er det viktig at fagpersonar melder seg, tar del i den offentlege debatten og deler av forsking og kunnskap.

Ho viser til Sverige: Same korleis ein vil vurdere strategien til Sverige i ettertid, så har fag kunne stått i sentrum. I Noreg har vedtaka vore meir politiske. Ytringsfridom under pandemisituasjonen er eit teikn på at noko er friskt.

[@portabletext/react] Unknown block type "imageblock", specify a component for it in the `components.types` prop

Foto: Krister Sørbø.

– Er det avgrensa ytringsrom i ein krisesituasjon?

Ikkje nødvendigvis, sjølv om det kan vere lett å forveksle avvikande meiningar med illojalitet mot dugnaden. Eg trur ikkje det er farleg å gi rom for undring og kritikk.

Offentleg debatt

Nettopp fordi ytringsfridom gjerne fører til kritikk og motbør, kan han vere utfordrande og slitsam for makt og styresmakter, forklarar ho. Føremålet er å skape ein så opplyst offentleg debatt som mogleg.

– Det får vi ikkje dersom premissen er at vi må vere samde. Derfor er det så viktig med prinsipielle og klårtenkjande folk på vakt, spesielt når det snører seg til, seier ho og held fram:

– Dette vart tydeleg da det første forslaget til fullmaktslovene skulle vedtakast i Stortinget. Det var uroande kor raskt vi hadde kome i ein modus der krisa skulle legitimere unntak frå vår grunnleggjande fordeling av makt. Men da melde gode juristar seg på banen og bidrog til at utfallet i Stortinget vart langt betre enn ein kunne frykte.

Det var uroande kor raskt vi hadde kome i ein modus der krisa skulle legitimere unntak frå vår grunnleggjande fordeling av makt.

Informasjon

Krisetiltaka råkar mange, jamvel Løken Stavrum. Akkurat heimekontor trivst ho godt med: Ho likar å jobbe, og det er eigentleg det same kvar ho jobbar frå. Det einaste ho saknar, er å rope til kollegaene sine (som, understrekar ho, kanskje ikkje deler saknet). Mange er derimot skeptiske til somme av tiltaka. Hytteforbod, stengde barnehagar og sporingsappen til helsestyresmaktene er døme på tiltak som har skapt diskusjonar.

– Veg ytringsfridomen like tungt som tryggleiken i denne situasjonen?

– Eg trur dei er gjensidig avhengige av kvarandre. Nå har folk betre tid. Nokre ser ut til å ha brukt dette til å skrive kronikkar og innlegg. Det har vi andre glede av. Da Sidsel Wold kom ut frå karantene etter ei reportasjereise i Iran, snakka ho om kor utrygg ein vart av nettopp fråvær av informasjon.

[@portabletext/react] Unknown block type "imageblock", specify a component for it in the `components.types` prop

Foto: Krister Sørbø.

Sjølvsensur

Ytringsfridom er ein temperaturmålar på kva du trur om folk, seier Løken Stavrum: Dersom ikkje du trur at folk handsamar informasjon, er det avslørande. Ho kjem ikkje på døme på at nokon har vilja avgrense ytringsfridomen hennar, men ho er kjend med frykta for ubehag og freistinga til å la ting liggje som følgd av det. Ei mild form for sjølvsensur.

Sjølvsensur kjem i langt meir ekstreme former for mange. For sjølv om ytringsfridomen er godt forankra i Noreg, i lovs form, er han framleis vanskeleg for mange som har lyst til å delta og bidra i demokratiet, meiner Stavrum.

– PST trekkjer fram hatefulle ytringar og sjikane mot politikarar som ein del av den nasjonale trusselvurderinga. Det er også ein del av reknestykket under ytringsfridomen, seier ho:

Ytringsfridomen er å seie og motseie, ikkje verbalt å kneble andre. Eg oppfattar derfor at mandatet for den nye Ytringsfridomskommisjonen er å granske tilhøva for den reelle ytringsfridomen.

Ytringsrom i Forsvaret

Blant utfordringane for denne ytringsfridomen er også sjølvsensur som følgd av represaliar eller frykt for represaliar frå arbeidsgivar. Eit ikkje uvesentleg døme i forsvarssamanheng. Stavrum nemner den oppheta debatten om digitalt grenseforsvar som eit døme på ein diskusjon der forsvarstilsette kunne vegre seg for å delta på grunn av frykta for negative konsekvensar.

I 2017 gav Norsk PEN, der Løken Stavrum sjølv er styreleiar, Ossietzky-prisen til forsvarsforskar Tormod Heier. Dette som ei anerkjenning av at han bidrar til å auke ytringsrommet i Forsvaret og for å vere ei prisverdig stemme i et komplisert ytringsrom. Heier har fortalt at han har opplevd å bli freista knebla og skremt når han presenterer forskinga si.

– Kor stort ytringsrom er det i Forsvaret i dag?

– Kor ofte kjem det utsegner i offentlegheita som kan vere vanskelege å handsame for forsvarsleiinga? Det er svaret på spørsmålet ditt. Men eg vil aldri meine noko anna enn at det kan bli betre.

Flere nyheter

Marius BakkeMarius Bakke

16. oktober 2024

Marius Bakke til Stiftelsen Tinius

Stiftelsen Tinius har ansatt Marius Bakke som kommunikasjonssjef i en nyopprettet stilling. Bakke kommer fra stillingen som kommunikasjonssjef i Kultur- og likestillingsdepartementet.

8. juli 2024

Søker kommunikasjons-ansvarlig

Er du klar for å styrke Stiftelsen Tinius' synlighet og merkevare i Norge og Sverige?

Kjersti Løken Stavrum skal lede det nyoppnevnte styret i mediekonsernet Schibsted Media.Kjersti Løken Stavrum skal lede det nyoppnevnte styret i mediekonsernet Schibsted Media.

8. april 2024

Dette er det nye Schibsted Media-styret

Kjersti Løken Stavrum skal lede det nyoppnevnte styret i mediekonsernet Schibsted Media.

Til venstre: Ole Jacob Sunde og Trond Berger som representerer Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier. Til høyre: Rune Bjerke og Kristin Skogen Lund som representerer Schibsted. Foto: Kilian MunchTil venstre: Ole Jacob Sunde og Trond Berger som representerer Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier. Til høyre: Rune Bjerke og Kristin Skogen Lund som representerer Schibsted. Foto: Kilian Munch

22. mars 2024

Schibsted og Stiftelsen Tinius signerer endelig avtale vedrørende salg av medievirksomheter

Schibsted ASA kunngjorde i dag at de har signert en endelig avtale vedrørende salg av sine medievirksomheter til Stiftelsen Tinius gjennom Blommenholm Industrier AS. Avtalen er en viktig milepæl i transformasjonen av dagens Schibsted til to mer fokuserte selskaper: Et medieselskap heleid av Stiftelsen og et børsnotert markedsplasselskap.

Se alle nyheter

Meld deg på nyhetsbrevet